Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Helene og Kari stiller ut varene sine

Mykje fine garn og modellar strikka av norsk ull

Kaffi og mat må til

Triveleg i sofakroken

Her er logoen til bygdekvinnelaget kommen på plass

Strikkekafe

Kari og Helene frå Husfliden på Voss kom på besøk på strikkekafeen vår 26.februar 😊

Dei har særleg fokus på garn av norsk ull i butikken sin. Dei hadde med seg garn frå Rauma og frå Hillesvåg og viste modellar strikka av ulike kvalitetar frå dei 🧶

I tillegg hadde dei med garn frå lokale gardar, både frå Evanger og Eksingedalen. Det eine vert vaska, karda og spunne på Hillesvåg, det andre hjå Rauma.

Det var fleire som nytta høvet og fyllte på med nytt garn.

Astrid hadde baka gode rundstykke og det var frukt og konfekt til kaffien 😊

Jenny har strikka hue, hals og vottar til #strikkung40 og Maries broderer på logo 👍