Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Handlenett, glasbrikker og bordskånar laga av gamle bukser

Klart for å laga eit handlenett

Praten går i sofaen

Ivrig diskusjon i sofaen

God mat på bordet

Kaffi og mat må til på møta

God mat på bordet

Strikkekafe og medlemsmøte

Det vart stor aktivitet siste veka før påske i år. Me hadde strikkekafe med ein liten syavdeling måndag 18.mars. Der viste Margunn korleis ein kan laga handlenett av ei avdanka bukse og ein bit av ei gardin. Dei andre kosa seg med strikketøyet i sofaen. Liv og Anna Torhild serverte påsmurde rundstykke, frukt og kaffi/te.

Onsdag 20. mars var det tid for medlemsmøte. Denne gongen vart det mykje lagssaker, med informasjon frå distriktsårsmøte og litt planlegging framover. Ingunn og Jenny serverte gode heimebaka rundstykke, frukt og kaffi/te. Til 70 årsjubileet i fjor fekk me konfekt, og den kosar me oss med på møta våre.

Etter mat  vart det bokbyte og plantebyte. Alle plantane og mange av bøkene fann nye eigarar.