Temakveld - eigen beredskap
Vossestrand Røde Kors Omsorg inviterte alle bygdekvinnelaga på Stronde til felles møte 21. januar.
Tema denne gongen var beredskap - eigen beredskap.
Rune Granli Slettemark som er Voss herad sin beredskapsrådgjevar gav oss ei tankevekkjande og god innføring i korleis me bør tenkja og handla i høve eigen beredskap.
Alle bør tenkja på korleis dei kan dekka dei grunnleggjande behova som er vatn, mat og varme utan straum.
Vaksne og friske folk bør klara seg sjølv i fleire dagar slik at herad og frivillige organisasjonar kan konsentrera seg om dei som er hjelpetrengjande.
Det var sjølvsagt tid til ein pause der bygdekvinnelaga sytte for god gjærbakst til kaffien og teen.
Takk for ein triveleg og lærerik kveld.