Vårtur
Laurdag 1. juni var det tid for vårtur. Me møttest ved Omsorgstunet på Oppheim og køyrde E16 til Dale der me stoppa på Dale outlet & cafe. Der tok me ein runde og nokre av oss handla litt. Så var det tid for kaffiog te og ein del av oss skeia skikkeleg ut med eplekake med softis ![]()
Så sette me kursen mot Bergsdalen, me tok ein liten stopp ved kyrkja før me svinga inn til Bergsdalstunet.
Olaug stod på tunet og ynskte oss velkomne ![]()
Det var litt kjølig ute så det var greit å trekka innandørs og sjå på kor fint dei har restaurert den gamle floren - mykje godt arbeid nedlagt der ![]()
Me hadde bestilt trerettars middag, og den skuffa ikkje ![]()
Sylta aure var det ingen som hadde smaka før, den var fantastisk god. Hovudretten var kalvegryta med steinovnsbakte poteter og rotgrønnsaker. Og det heile vart avslutta med sviskegraut med fløytemjølk - og strøsukker for dei som ville ha litt knas ![]()
Heimturen gjekk over Hamlagrø.
Takk til dei stødige sjåførane: Ragnhild, Gerd Ingrid og Anna Torhild