Oct
28
Wed
Aksjon brødbaking
2026 er som kjend totalberedskapsåret. Veke 44 er beredskapsveka med særs fokus på å bake brød.
Vi i Ørskog Bygdekvinnelag ynskjer å setje fokus på beredskap ved å samle sambygdingar til Lerkelunden der vi steikjer brød utan straum.
Dette er eit gratis arrangement der vi tenkjer at konkrete verkty kan vise at det som kan vere utrygt kan vendast til meistring og handlekraft.
Vi håper at mange vil ta turen denne ettermiddagen til ei sosial stund saman der ein får smake nysteikte brød.