Afternoon tea
Vi arrangerte afternoon tea for første gong no i helga.
Vi har vore så spente på korleis gjennomføringa skulle gå sidan dette var nytt for oss alle saman.
For ein suksess! Alt gjekk på "skinner" og fantastiske tilbakemeldingar! "Proffare enn hotell Bristol i Oslo", er eitt eksempel 👏
Vi i laget kosa oss minst like mykje som gjestane (påmeldingslista vart full) og i dag sit vi med føtene høgt og er stolte og takksame for å vere ein del av dette fellesskapet vi har i Ørskog bygdekvinnelag 🥰