Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Ein er leiar i Noregs Bygdekvinnelag, den andre i Ørskog

På kurs i Valldal


Denne laurdagen stakk ein gjeng frå Ørskog over til Valldal og deltok på organisasjonskurs. 

Valldal hadde gjort ein fabelaktig jobb med organiseringa, og fått sjølvaste Jorun Henriksen, leiar i Norges Bygdekvinnelag, til å kome. Ei knallflink, effektiv og kunnskapsrik og tøff dame som står på for organisasjonen! Her snakker vi rett kvinne på rett plass!

Henriksen sitt mantra er at vi bygdekvinner er ein sterk, open og innkluderende organisasjon. Alle er velkomne til oss, og skal bli tatt godt i mot!

Andre emner ho snakka om, var mellom anna - her oppramsa veldig kort:

Den nye logoen, korleis organisasjonen jobbar for å påvirke politisk (vi driv ikkje med politikk, men vi jobbar for å påvirke), nye lokallag, KvinnerUT, nedbygging av matjord, norsk mat versus importert mat og forbrukermakt. 

Vi har sagt det før, og vi seier det igjen, folkens: et norsk, et opp og et sesong!

Så vart det deilig lunsj, informasjon frå distriktstyret, gruppearbeid, og så ynskte alle kvarandre ha det bra og vel heim. Lukkeleg, etter ein kjekk dag med mykje inspirasjon.