Strikkegruppa i laget
No nærmar vi oss årets slutt. Det har vore eit aktivt år i laget.
Dei strikkeglade bygdekvinnene har spøta jamnt og trutt og leverer stadig heimestrikk til gode føremål.
Vi har no levert årets siste "ladning" med raggar til helsestasjonen i bygda, som vert delt ut til alle nyfødde sambygdingar. I tillegg har ein av barnehagane i bygda fått raggar. Sist veke sendte vi også strikka produkt til Ukraina, med varme og omtanke.