Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Vi bør ete dessert oftare

Ein skal ikkje veldig langt tilbake i tid før det var vanleg med dessert kvar dag. Kompott og fruktgraut var mykje brukt, og det same med supper med til dømes sagogryn eller frukt og bær, hermetisk frukt, puddingar og fromasjar.

Kanskje byrjar vi ikkje på att med dessert kvar dag, men kan søndagen vere ein dag der dei gode, tradisjonsrike dessertane igjen kan kome på middagsborda våre? Ei søt avslutning på ein god middag gir matglede!
 

Ørskog Bygdekvinnelag slår eit slag for desserten og arrangerer kurs laurdag 2. april der vi lagar mange forskjellige av dei tradisjonelle og nydelege dessertane våre. Kursdeltakarar; gled dykk!