Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Dec
14
Wed

Peparkakebygda 2022

Sinnes filial
Anne Grethe Nerheim Ådneram/95059774

Etter ein liten pause, prøver me på å få til ei flott peparkakebygd att i år. Alt passar i bygda vår! Berre fantasien set grenser, så set i gang!

Biblioteket på Sinnes og Sirdal bygdekvinnelag vonar de framleis vil baka og levera inn eit spanande, kreativt, spesielt, stort eller mislukka byggverk til peparkakebygda. Alle kan delta, anten det er alle i ein familie, på ein arbeidsplass eller ei avdeling, og alle som likar å baka og pynta peparkakehus. 

Bidraget kan du/de levera på biblioteket på Sinnes frå 1. desember, i opningstida måndagar kl. 17.00–20.00, eller etter avtale med Anne Grethe Nerheim Ådneram (tlf. 950 59 774), men seinast 15. desember. Dess fortare innlevering, dess fortare julestemning på biblioteket!

Alle er velkomne inn på biblioteket for å sjå korleis bygda blir, både under innleveringsperioden og på juletrefesten 19. desember 2022!

Seksjoner