Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Blei kjende på Tonstad

24 personar trassa utsikter for regn og vart med på den siste bli kjend-turen før sommarferien rundt på Tonstad.

Turen starta ved Eliastunet og gjekk først til Sigbjørn K.-huset, som nå er brukt av Sirdal kommune til arrangement og utstillingar. 

Derifrå gjekk ein bygdevegen som går gjennom Tonstad og ned til det gamle bryggeområdet der Fram la til. Ein kan framleis sjå restar etter bryggga.

Første stopp var Sira Kvina-messa, før ein gjekk vidare til eit 150 år gammalt hus. Private har pussa det opp utvendig, og inne står det som når det var bebudd. Ho som åtte huset, var svært flink til å laga mat, og nokre av oppskriftene heng på veggen inne. Eit anna hus det blei snakka om, er det som tidlegare var trygdekontor, og som òg er restaurert av private. 

Til slutt gjekk turen til Eva Snarli sin matnyttige hage. Ho dyrkar mange slags grønsaker og bær økologisk med overraskande grep; om du legg saueull langs kanten på beda, kan det halda sneglane unna. Til slutt serverte Eva herlig rabarbrasaft.

Det var ein interessant tur gjennom ‘’gamle’’ Tonstad og på hagebesøk, sjølv om nokon syntest altfor mange knott vart med på turen på slutten.