Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Bruk heile dyret-aksjonen 2020
Bruk heile dyret

Velkomen!

Bruk heile dyret

Full konsentrasjon!

Bruk heile dyret
Bruk heile dyret

Litt hjelp til oppdeling av sidene til pinnekjøt trengs

Bruk heile dyret

Hardt arbeid

Bruk heile dyret

Lammecarré

Bruk heile dyret
Bruk heile dyret
Bruk heile dyret

Ferdig middagslammerull med spinat

Bruk heile dyret

Norske grønsaker høyrer med!

Bruk heile dyret

Heile dyret er brukt!

Bruk heile dyret

Klargjort middagsrull av lam

Bruk heile dyret

Klargjort lammecarré

Bruk heile dyret - på Sinnes skule


Første dag etter haustferien fekk elevane ei grundig innføring i partering av lam, delar på dyret og kva dei kan bruksstruktur og korleis av Stian Espedal. Det var Sirdal bygdekvinnelag og Sinnes skule som stod for arrangementet i samband med verdas matvaredag og aksjonen Bruk heile dyret.

Det var ein interessert gjeng som lytta til slaktaren som nett fekk landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2019 - utdelt i Sirdal i Vest-Agder. Stian Espedal delte opp, laga til ulike middagsforslag og fortalde korleis me kunna nytta dei ulike kjøttstykka. Elevane frå 1.-7. klasse var engasjerte, og 6. klasse fekk med seg både fårikålkjøtt, kraftbein og kjøttdeigsingrediensar til bruk i mat & helse-timane framover. Dette lammet var frå Bjerkreim, og har truleg vore på  sommarbeite i Sirdal, så kortreist kan me vel òg kalla det.

Dei andre porsjonspakningane og kjøttstykka vart lodda ut blant bygdekvinner og tilsette på skulen, og nokon hadde lam på menyen same dag, medan andre la gevinsten i fryseboksen til nærare jul. Det vart både lammelår, bog, pinnekjøtt, lammerull til pålegg og middag, karre, skank, sadel og mørbrad og litt til. Og ein handfull avkapp som kan kokast kraft på om ein ikkje vil kasta anna enn eit par kjertlar... Her blir verkeleg heile dyret brukt!

På verdas matvaredag 16. oktober vil 6. klasse ved Sinnes skule og bygdekvinnelaget laga lammegryte med rotgrønsakeretter oppskrift av Harald Osa og dela ut smaksprøvar til medelevar og lærarar.