Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Dørkrans


Ein halmkrans, vikletråd, vintergrønt, kuler, konglar og sløyfer. Det er tid for å laga dørkrans!

Eli Haugen rettleia sju bygdekvinner gjennom arbeidet frå halmkrans til dørkrans. Konsentrasjonen var på topp, og berre julemusikk braut stilla. Ikkje ein gong kaffi og kaker hadde damene tid til... Mest ikkje å snakka med SirdalMedia sin utskremte heller, men artikkel blei det.

Bygdekvinnelaget stilte med krans og vikletråd, medan kvar enkelt hadde med det dei sjølv ynskte å bruks. Nokre valde ein krans som kan pynta opp lenge uansett høgtid, andre satsa på adventsfargar, medan mange laga julekrans. Variasjonen og kreativiteten var stor, som du ser, medan ei dame  ville gjera seg ferdig heime.