‘’Han innante’’ blant berre kvinner
‘’Snakk mindre, sei meir’’, oppfordra Torolf Nordbø etter å ha agert ‘’Han innante’’ på sonemøtet til Helleland bygdekvinnelag 2. juni.
Leiar Anne Fernanda Mæland Grønning i Helleland bygdekvinnelag ønska rundt førti bygdekvinner velkomne til sonemøte for Bjerkreim, Heskestad, Lund og Sirdal 2. juni før dei serverte ei nydeleg kyllingsuppe.
Så fekk lattermusklane køyrt seg! Me fekk besøk av tidlegare pensjonist ‘’Han innante’’ med språksprell og historier frå Indre Erfjord. Etter kvart endra han framtoning, og blei Torolf Nordbø som loss oss gjennom utvandrarhistoria med ‘’Restauration’’ og 250-årsjubileet. Eit par songar vart det før musikkvissen, der Ingrid Håland Haugstad og Tone Østtveit Kvinen stakk av med premiane.
Kaffi og kaker, loddsal og litt frå kvart bygdekvinnelag om kva dei gjer i løpet av året stod òg på programmet. Det er veldig mykje og variert aktivitet rundt om!
Før det vart for seint, ba Christiane Krahner ei bøn for oss, og Audhild Aadnøy Grøsfjell song for oss. Takk for gode tankar, toner og triveleg samvær ein tysdag i juni!
Foto: Astrid Hammersmark og Helleland bygdekvinnelag