Hopp til hovedinnhold

Stord Bygdekvinnelag

Mykje rognebær gir lite snø eller...?

Haustens planar i Stord Bygdekvinnelag


Hausten i Stord bygdekvinnelag har mykje kjekt å by på anten du er medlem i laget eller ynskjer å utforske laget.. Hiv deg gjerne med på eit møte eller arrangement. Alle er hjarteleg velkomne!

Haustarrangementa har så vidt starta.. me kjenner me er glade og takksame for at me endeleg kan få møtast igjen, om enn under forsiktige omstende. Me har ein variert haust foran oss, og det kan kome nye arrangement etterkvart no som aktivitetar er i gong att i samfunnet rundt oss.

Dette er fastsette planar for hausten 2021:

14.09 kl 18.00: Tur til Hauglandskvedno. Oppmøte på den første parkeringa før Vad. Ta med niste, ein liten turgevinst og godt humør. Peggy fortel litt om historia til Hauglandskvedno, me et saman og har ei lita utlodning.

23.09 kl 18-22: Kurs i å ta vare på hausten sine råvarer. Sjå meir info her på heimesida under arrangement eller på fb sida til Stord Bygdekvinnelag.

25.09 kl ca 10: Me deltek på Folk i Sentrum dagane på Leivik der me skal ha stand og selge lappar, kaffi og saft. 

Hausttakkefest i Stord kyrkje. Me pyntar kyrkja til hausttakkefest. Meld gjerne frå til Marit-Anne Heimvik om du har noko å pynte med, eller vil vere med å pynte.

21.10 kl 19: Årsmøte med vanlege årsmøtesaker og utlodning. Ta med gode idear og gevinst.

11.11 og 18.11 Kurs i takkebakst. Då er det lappar, mjølkekaker, nordlandskaker og potetkaker som står på programmet. 

30.11 kl 19: Kranseverkstad på Førland Gard hos Guro. Ta med deg krans av halm eller streng, tang og vikletråd, materialer hvis du vil. Guro har materialer fra skogen.

I desember blir det eit koseleg julemøte, dato og stad er ikkje fastsett enda.