Hopp til hovedinnhold

Stord Bygdekvinnelag

Kurs i tradisjonell julemat


13 forventningsfulle og kursklare damer møtte på Nordbygdo Ungdomsskule for å lage julemat saman.

Når Stord Bygdekvinnelag lagar til kurs i tradisjonell julemat er det ikkje kva som helst som blir laga. Julesylte, rullepølse, silderettar og ovnsbakt leverpostei stod på menyen i dag. nesten som ein får vatn i munnen berre ved tanken.

Nokre damer hadde laga dette før, andre hadde ikkje, men det var uansett høg stemning og interessa for å lære var absolutt tilstades.

Visste du at sylte opprinneleg vart laga av kokt grisehovud? Det er jo sjølvsagt mange som brukar det i dag og, men ein kan lage sylte på enklare måtar enn det. Ein kan feks kjøpe tynnribbe, beine ut og rulle saman.. Så enkelt og så godt! Og namnet på ekta stordamål er "Håveost"..

Å kome saman og lage mat i lag er alltid ein hyggjeleg aktivitet, særleg kjekt er det når damer som ikkje allereie er medlem vil delta på kveldane våre! Og så er det kjekt å lære nye ting, uansett om ein er 25 år eller 65 år.