Hopp til hovedinnhold

Tresfjord Bygdekvinnelag

Olsokfeiring på museet

Olsokfeiring på museet

Olsokfeiring på museet

Tresfjord Bygdekvinnelag fekk innvia dei flotte, nye forklea dei har kjøpt frå Norges Bygdekvinnelag når det skulle serverast graut og bakels på museet Olsokaftan.

Fleire frivillige og damer frå bygdekvinnelaget deltok når Tresfjord museum inviterte til tradisjonell Olsokfeiring 29. juli. Det vart varma og seld omlag 48 kg. graut, utallige mengder bakelsplater vart stekt og fleire liter kaffi kokt og servert. Mykje folk og strålande vær satte ei god stemning for feiringa.