Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Julekort -triveleg å sende og triveleg å få!

17.Desember og vi ser på julekort og postombæring tradisjon!


Noko  av det trivelegaste eg veit er å få julekort. Folk som legg tida si i og skrive nokre ord. Som viser at nokon tenkjer på oss.
 


 


 

I denne digitale tida er det så enkelt å legge ut eit bilde og skrive God jul! på Facebook og Instagram. Men det er det som ligg i postkassa som varmar skikkeleg, som ER julekortet.

Og i Bygdekvinnelagsperspektiv, så skapar det at vi bruker postombæringa liv på bygda. Vår gamle leiar i NBK,Kathrine Kleveland. lærte meg å skrive påskekort og. Enda ein sjans utan om jul og bursdag til å vise dei du er glad i at du tenkjer på dei. OG du får brukt postombæringa ;)

 

Postombæringa er i mine augo ein kulturarv. Før i tida var det stort å få post, det tok lang tid frå nokon sendte det til det kom fram til mottaker. 

I heftet "Heim og bygd" frå Lom Heimbygdslag frå 2018 står det mykje om postombæringa. Blant anna har Anne Sulheim skrive om Landpostrute 1305 som gjekk mellom Bøverdalen-Juvasshytta-Spiterstulen -Glitterheim. Denne ruta var oppretta i 1907,og på den tida sa postverket at det tok 11 timar å gå denne ruta. No, i DNT vurderinga må ein leggje på eit par timer til.

Frå fyrst på 1900 talet vart det laga kort med bilete frå hyttane i område, og dei vart sendt med postombæraren. I DNT si årbok for 1912 kan ein lese " Landpostbudrute Bøverdalen-Glitterheim  om Juvasshytten og Spiterstulen utgaar i juli og august fra Bøverdalen tirsdag og lørdag morgen og fra Glitterheim onsdag og søndag morgen."  

Anne skriv: Det var altså eit postbod som starta frå Galdesand om morgonen og hadde med seg post til fjells,-og post attende.Fyrst gjekk han opp på Juvasshytta. Det er over 1300 høgdemeter opp. Så ned vel 700 høgdemeter til Spiterstulen. Siste etappe var over til Glitterheim. Dette skulle han gjera unna på ein dag. og i alt slags vër,-to gonger i veka i juli og august.Turen frå Bøverdalen til Glitterheim er tre dagsmarsjar etter DNT sitt rutenetti dag, sjølv om dei ikkje er av dei lengste turane. Postombæraren gjekk altså denne ruta på ein dag...

Anne si skildring av turen ho og mannen tok i 2018 kan du lese om i Heim og bygd.