Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Nydelege små vaffelhjarter til å henge opp

Nydelege små vaffelhjarter til å henge opp

Gryteunderlag

Gryteunderlag

Nydeleg pynt!

Nydeleg pynt!

Kjøyrer du gjennom Valdres legg du merke til alle dei fine rosane på Låvane!

Kjøyrer du gjennom Valdres legg du merke til alle dei fine rosane på Låvane!

Salt og pepper skål med kvitsaum mønster

Salt og pepper skål med kvitsaum mønster

Krus med kvitsaum mønster

3.Desember og vi tek turen til Britt i Valdres!


No før jul finn du Britt på marked rundt omkring!

Britt Bakken frå Valdres driv med keramikk på "si",eller om det er taxi kjøyringa ho har på si,det er ho litt usikker på ;) Ho er utdanna ved Høgskulen i Akershus,3 år på avdelinga for formgjeving og produksjonsdesign.

Ho har motatt pris frå Norsk Designråd og Norske Industridesignere for sine design og sitt arbeid.

Eg oppdaga ho for fleire år sidan, det eg fell for var alt det fine ho laga med vaffel mønster og dei nydelege kvitsaum produkta hennar.

Verkstaden har ho heime på garden, ca 12 km frå Fagernes, mot Beitostølen,og viss folk toler støv og alt det som høyrer med i ein keramikk verkstad er dei hjarteleg velkomne til å gjera avtale med Britt om besøk. 

Ho  starta med keramikk i 2012, og for snart 4 år sidan tok ho eit tøft val og la ned drifta på garden.

Leira var noko ho brukte i sorgprossessen ho hadde etter det vanskelege valet, og ho tok fram andre element frå sin oppvekst som har betydd mykje for ho.

Kulturarv kan vera så mykje. Bjøllekua,Valdresrosa,bestemor sitt gamle vaffeljern frå stølen, og sjølvsagt den gamle Valdresbunaden, og skjurta med den nydelege kvitsaumen. Alt dette hadde Britt som sin arv, og tok det vidare til keramikken. Alt dette, og meire til vart Britt sin kulturarv.

Eg sjølv vart glad i både vaffelhjarte og kvitsaumen etter mitt fyrste møte med Britt.

Mykje av det ho sel, sel ho via Facebook sida si, og på marked. Ho pakkar og sender over heile Noreg, og salget aukes frå år til år. Utfordringa ligg i å finne dei rette messene og utsala, og ha nok tid til å drive på med dette. Ho ser ikkje for seg å opne eigen butikk, men kanskje finne nokon som vil selje produkta hennes. 

November og Desember er dei månadane med mest sal. Og dette kunne vore jamnare over heile året, seier Britt.  Det blir mykje tunge løft, når varer skal inn og ut av bilen for å vera med på messer og marked. 

Britt har trua på at ved å vise sin kulturarv,på sin måte i sitt materiale vil ho kanskje vera med å halde ved like interessa for gamle handverk.