Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Nov
01
Sat

Lefsekurs

Kantina til Gossen Motorklubb, Rishaugvegen 64, 6480 Aukra
-
Kjellaug Urdshals

Jula nærmar seg, og på nytt inviterer Gossen Bygdekvinnelag til kurs i lefsebaking.
Kurset passer for både nybegynnarar og for deg som vil friske opp gamle kunstar.

På kurset får du bake dine eigne porsjonar med lefser, som du tar med heim. Lefsene kan du fryse ferdig påsmurde og ta fram til kaffikosen i jula! Kurset varer i ca. 5 timar. 

Vi tek sikte på å bake to sortar lefse, potetlefse og rømmelefse/tjukklefse. 
Alt du treng av ingrediensar utanom potet er inkludert i kursavgifta - vi handlar inn!  

Kursavgifta inkluderer også ein god lunsj og prøvesmaking av lefser. 

Pris medlemmar: 500,-  
Ikkje medlem:      700,-

Bindande påmelding innan onsdag 29. oktober til Kjellaug Urdshals, mobil 92 64 09 66.
Begrensa antal plassar - førstemann til mølla! 

NB! Dei som melder seg på lefsekurset får tilsendt all nyttig info dei treng før kurset.