Hopp til hovedinnhold

Grytten Bygdekvinnelag

Noken som er nøgd med leiven…

Så nøgd blir ein fersk bakar - som no skal skaffe seg takke!

Feittbrød er godsaker! Denne sorten har no fått fleire tilhengarar.

Her skal det etter kvart bli potetkaker. Læraren vår har det så absolutt «i fingrane».

Takkebaksten er i boks og frysar

Det hadde vore plass til fleire på kurset, men utbytet var stort for dei som deltok.

Torsdag og fredag ettermiddag og mykje av laurdag nytta vi til å lære mysteriet tradisjonell bakekunst.
Å få deiga passe god til utbaking må ein «få inn i fingrane». Så er det stas om leiven blir nokolunde rund. At han sit fast i bakebordet når du skal flytte over til takka, kan fort bli ei utfordring. Og kor hard steiking skal dei ulike sortane ha? Takkebakst er nok ein kunst vi må øve lenge på!

Etter stemninga på kurset å døme, vert det nytt kurs til hausten!