Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Barn og vaksne rundt kafébord

Gjestene kosa seg med god mat på Førjulskaféen

Førjulskafé med mini-julemesse

Hyen Bygdekvinnelag arrangerte Førjulskafé og mini-julemesse i Samfunnshuset første torsdagen i desember.

Den årlege Førjulskaféen har brukt å gå av stabelen i slutten av november, men vart i år flytta til torsdag 7. desember, grunna oppsetjing av modulbygga som skal huse skulen framover. Frå kl 13.00 til 17.30 vart det servert julemat i samfunnshuset: Det var medisterkake og julepølse, risengrynsgraut, og riskrem, kaker og kaffi. På julemessa kunne ein få kjøpt alt frå røykjelaks og steinheller med fine troll, til gryteklutar og kort, og barnekle i friske fargar og mønster.