Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Hyggjemøte på Løkjatunet

Torsdag 2. februar arrangerte Hyen Bygdekvinnelag hyggjemøte for dei eldre på Løkjatunet.

Styret hadde dekka fint opp, og nokre gjester var inviterte inn i tillegg til dei som bur fast i bufellesskapet. Til opning ynskte Sølvi Hope velkomen og Eli Johanne Mjellem song eit par folkesongar. Deretter vart det servert kaffi, blautkake, lefser og kanelbollar. Anne Marie Mjellem las høgt frå gamle skrifter, blant anna Ola Mjellem sine om første juletrefesten i Austredalen, om då verda skulle forgå, “Nokre fantestykke”, og utdrag frå brev frå stortingsmann Hans Ommedal. Til slutt fekk bebuarane ynskje seg allsongar, til tonefølgje av Alvhild Holme på gitar.