Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

MØTE 30.APRIL


MØTE I NABOBEINO 30.APRIL

Flott kveld i Nabobeino når Kristbjørg fortalde om 
«Bunaden og eg». 
At det er mange som er interessert i bunad er det ingen 
tvil om. Kristbjørg fortalde heilt frå starten når ho som lita jente fekk låna symaskina til mor si. 
Med ein onkel som var skreddar og ei dyktig mor vart nok grunnlaget for sying tend.
Ho tok utdanninga si i Posten og kom seinare til
Voss postkontor som kontorfullmektig.
Men interessa for bunadssying hadde ho heile tida. Så heldigvis for oss sa ho opp stillinga i posten. No vart det mange kurs i sying av mannsbunad og starten på Bunad og kleloftet.

Gudveig orienterte om vårturen 25 mai som går til Sotra 
vest i havet. Ho har flytta til Bergen så det er siste året ho er med i turnemda. Gudveig har våre med i sju år og laga mange fantastiske turar. 
Tusen takk Gudveig!