Hopp til hovedinnhold
Norges Bygdekvinnelag meiner eit felles gratis skulemat vil gje born ein betre skulekvardag.

Norges Bygdekvinnelag meiner eit felles gratis skulemat vil gje born ein betre skulekvardag.

Skulemat - meir enn eit måltid

For Vinje handlar skulematordninga om å gje elevane moglegheit til å vere den beste versjonen av seg sjølv. I 12 år har dei samla alle dei 412 elevane på dei fire skulane til eit gratis måltid kvar skuledag.

Det er ingen som rører budsjettposten til skulemat i Vinje. 

–  Skulemåltidet er førebyggande og gjev elevane overskot og energi til å stå gjennom skuledagen, seier Anders Sandvik som er assisterande rådmann og oppvekstansvarleg i Vinje kommune.

–  Det kostar pengar å gje eit skulemåltid til alle. Også Vinje må prioritere. Men prøv å komme opp med noko anna som er inkluderande samstundes som du gjer alle elevane ei felles oppleving og kjensle av fellesskap for 26 kroner dagen? Det kostar mykje meir om nokon fell utanfor. Dette er ei langsiktig satsing for kommunen, seier Sandvik.

Anders Sandvik var rektor ved ein av skulane i Vinje når han foreslo at kommunen skulle tilby gratis skulemat.

10. klassingen Truls likte seg ikkje på skulen, og stod i fare for å slutte før han hadde fullført grunnskulen. Som rektor spurte Sandvik om det var noko han kunne gjere for å få han til å fortsetje. Først trudde Truls at Sandvik tulla, men når han skjønte at rektoren tok han på alvor var svaret at han ville ha eit godt og ferskt brødmåltid kvar dag.

Skulematordninga vart innført som eit hastevedtak og midlertidig prosjekt i kommunestyret. No er kommuneleiinga og innbyggarane stolte av tilbodet. Vinje kommune har ikkje evaluert skulematordninga grundig, men tilbakemeldingane frå foreldre og elevar er gode. Elevane i Vinje er stolte av å kome frå  ein kommunen der dei unge vert tatt på alvor.

Bygdekvinnelaget har hatt gratis skulemat for alle som ei sentral kampsak dei to siste stortingsvala.

–  Vi meiner alle burde gjort som Vinje. Det einaste som er feil er at staten ikkje tar rekninga, men overlèt til kommunepolitikarane å prioritere mellom eldreomsorg, veg og skulemat. Eit gratis skulemåltid er avgjerande for å gje alle born den beste moglegheita til å lukkast i livet. Skulemåltidet gjev trivsel, auka konsentrasjon, mindre mobbing, gode matvanar og betre folkehelse. Denne saka er for viktig å overlate til kvar enkelt kommune, seier Inger Amb som er styremedlem i Norges Bygdekvinnelag. 

Skulemåltidet er enno viktigare i dag
Etter 12 år med skulemat meiner Sandvik at skulemåltidet er viktigare enn nokon gong.

–  Dei fleste har tilgang på sunn mat. Men mange familiar er aktive og et maten til ulike tider. Ein del unge og ungdom har ikkje eit felles måltid saman med andre folk i løpet av dagen. Då har skulemåltidet ein viktig funksjon, seier Sandvik.

Han meiner det er ein del av skulen sitt samfunnsoppdrag å hjelpe foreldre med god oppseding og borna med gode vanar. Fellesskapet rundt måltidet er eit godt utgangspunkt for dannelse og trivsel. Ein stad der ein kan lære spelereglane i samfunnet.

Sosial utjamning                                
Det er mange ulike pilotprosjekt i Noreg med stor variasjon i mattilbodet med alt frå fruktordning til varm mat kvar dag. Nokre stader er det abonnementsordning, mens det andre stader er gratis. I Vinje er skulemåltidet gratis.

– Vi hadde foreldrebetaling med påmelding i Vinje eit par månader hausten 2008. Då såg vi at det ikkje traff godt nok dei som verkeleg trong skulemåltidet. Om lag 60 prosent melde seg på, og vi fekk ei kjensle av ei veldig deling av elevgruppa, fortel Sandvik.

Ein nyare forskingsstudie viser at eit gratis skulemåltid kan ha ei utjamnande effekt.

- Eit år med gratis skulemat (grovt brød med pålegg, frukt og grønt) førte til at elevane betra inntaket sitt av sunn mat. Dette såg vi særleg blant elevar med foreldre som har lavare utdanningsnivå. Vi samanlikna med ei kontrollgruppa, som ikkje fekk gratis skolemat, sier Frøydis N. Vik, professor og prosjektleiar for skolematprosjektet ved Universitet i Agder (UiA).

Undersøkinga som stadfestar dette vart gjort som ein del av «skolemat prosjektet» som ser på i kva grad eit dagleg, sunt skulemåltid kan ha effekt på læringsmiljø, motivasjon for læring og vektutvikling. 

–  Elevane har ei anna rolle, og får vist ei anna side av seg sjølv når dei sit saman med dei andre rundt måltidet, fortel Sandvik.

Lærarane som sit saman med borna i måltidsituasjonen får gjerne ein tettare elev-lærar relasjon. Ein legg også betre merke til om det er elevar som ikkje trivast, ikkje et eller har andre utfordringar. Foreldra og helsesjukepleiarar som er knytta til skulen får beskjed, og borna får rask hjelp.

På helsenorge.no står det: «Sultne barn kan ha vanskelig for å konsentrere seg. Skolemåltidet er viktig for trivsel, helse og godt skolemiljø.»

 


 

Etterlyser tydlegare politikk
Eit gratis skulemåltid for alle vil vere eit godt tiltak for sosial utjamning og folkehelsa. Det kjem fram i rapporten «sunnere matomgivelser i Norge». Den som leia forskinga var Liv Elin Torheim, professor i samfunnsernæring ved OsloMet.

Ekspertane bak rapporten meiner kommunane bør tilby alle barn og unge eit enkelt skulemåltid.

–  Det å legge til rette for sunne kosthaldsvaner blant barn gjev sunnare vaner også seinare i livet. Betre ernæring vil spare mange for livsstilssjukdommar og samfunnet for store kostnader, seier Torheim.

Om lag 70 prosent av vaksne har overvekt eller fedme. Blant barn har mellom 15 - 20 prosent overvekt eller fedme. Tilsvarande tal for ungdom er 25 prosent og dette talet er stigande.

Torheim og resten av ekspertgruppa etterlyser tydlegare politikk og at myndigheitene tek eit større ansvar for å  sikre betre ernæring og sosial utjamning.

–  Usunt kosthold og fedme er eit folkehelseproblem som må takast på alvor og som krev innsats der barn er. Barn brukar mykje tid på skulen, og skulen bør vere ein viktig helsefremjande arena. Her kan skulemåltidet spele ei viktig rolle, og vere med å oppfylle folkehelselova. Dette er også i tråd med barnekonvensjonen som seier at barn har rett til å vekse opp i gode og helsefremjande omgjevnader med sunn og fullgod mat, seier Torheim.

Torheim understrekar at eit større offentleg ansvar ikkje betyr at foreldre skal fritakast for ansvar – det som skjer heime har mest å seie for kva barna et. Men samfunnet må sjå på korleis dei kan støtte foreldre og barn slik at det blir enklare å ta sunne val, og der kjem sunne måltid i barnehage og skule inn.

–  Det er stor forskjell i kosthald mellom ulike sosiale grupper. Det bidreg til sosial ulikskap i helse i Noreg. Skulemåltidet kan vere med å jamne ut sosiale forskjellar, seier Torheim.

Det elevane legg mest vekt på i undersøkingane om gratis skulemat, er det sosiale aspektet med å ete saman.  

Ferske brød og sunt pålegg
Eit av tipsa frå Vinje er «gjer det enkelt».

Når det er lunsj vert det sett fram ferske grove brød frå den lokale bakaren og variert sunt pålegg. På matbordet er det mjølk, frukt, grønsaker og fiskepålegg. Av og til har skulane i Vinje varm mat med lokale sesongvarer av viltkjøtt, fisk og norsk tradisjonsmat som lam i fårikålsesongen. Sandvik fortel at varmmaten krev litt førebuingar, men i seg sjølv er det kanskje billegare enn brødmat.

Til den praktiske førebuinga har Vinje kommune SFO- tilsette, samt kokk på ein av skulane, som har delar av si stilling til å kunne jobbe på kjøkkenet.

–  I tillegg har vi på vaksenopplæring/integrering alltids nokon som jobbar med arbeidstrening og er med å lage og servere mat. Vi har også brukt ein del ungdomsskuleelevar i matserveringa og tilbereiing av måltida, og det kan vi gjere enno meir av, seier Sandvik. 

Mange stader vert lite kjøkken brukt som eit argument mot skulemat. Men heller ikkje alle skulane i Vinje har anna enn mat- og helse – lokale.

–  Vi har investert i ordentleg oppvaskmaskin, men bort sett frå det så gjer vi det enkelt. Det viktigaste er god sunn mat og trivelege omgjevnader. Det utgjer ein stor skilnad i borna sin kvardag, seier Sandvik.

I fjor fekk Sandvik tilsendt ei framside på Telemarksavisa Varden. På framsida var overskrifta «spørsmål som endra livet mitt og som redda meg». Det var Truls. Det var stort for Sandvik. Til avisa sa Truls: «Eg hadde aldri klart meg om det ikkje hadde vore nokon som såg meg der og då».

Vinjerådmannen sine tips 

  1. Ta med elevar og foreldre på råd.
  2. Gjer det enkelt. Grove brød og sunt pålegg er eit sunt måltid.
  3. Ikkje fokusér på light-produkt – dette gjeld barn i vekst og utvikling
  4. Ha det gratis, slik at det er eit tilbod for alle. Det fangar dei som treng det mest.
  5. Ha ein 0-stedsanalyse som kartlegg samhandling, mobbesituasjonen og trivsel.
  6. Skjer opp grønnsaker og frukt. Server det delikat saman med brødmaten.
  7. Ha alltid friskt, kaldt vatn og mjølk til maten
  8. Prøv å overraske med noko kvar veke
  9. Supper og graut frå botnen er veldig populært
  10. Ha null-toleranse for matkasting

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frukt.no /Marte Garmann

Norges Bygdekvinnelag sitt styre har valt ut fire saker vi vil løfte fram mot Stortingsvalet 2021:

  • Jordvern
  • Skulemat
  • Frivilligheita sin betyding
  • Høghastighetsbreiband til alle

I Norges Bygdekvinnelags politiske plattform står det: «Det må innføres et gratis skolemåltid som et forebyggende helsetiltak, og fordi dette vil øke elevenes konsentrasjon, trivsel og utjevne forskjeller».

I Norges Bygdekvinnelag sin valkamppakke kan du lese meir om sakene!

Kva gjer skulane i dag?
• Nesten alle videregående skuler har kantine (93 %), sju prosent har gratis lunsj, 26 prosent har gratis frukost og 22 prosent sel frokost
• Tre av fire ungdomsskuler har kantine. Fem prosent har gratis lunsj, ti prosent har abonnementsordning. 18 prosent av dei reine ungdomsskulene tilbyr gratis frukost.
• Gratis skulefrukt vert tilbydd på mellom 10 og 18 prosent av alle skulene (varierer med alder/skuleslag).
• Gratis frukost på to prosent av barneskulene. Fire prosent har gratis lunsj og åtte prosent har abonnementsordning på lunsj.

*Kilde: Spørsmål til Skole-Norge våren 2017, NIFU for Utdanningsdirektoratet.
OBS: Det er ikkje spurt om måltida er daglege eller sjeldnare.