Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Både folk og dyr fortener å ha det fint til jul!

19.Desember og vi skal snart pynte julebordet!


Vi tek litt gamalt og litt nytt. Dekker med ting vi tek fram år etter år,eller vi kjøper nytt. Det finaste eg veit er eit fint dekka bord. Helst med dekketallerken og fint bretta servietter :)

Som "gamal" servitør,er eg over middels glad i pynta bord. Lærte borddekking på skule, og hjå Bjørg på Gålå Høyfjellshotell. Hennar "enkle" metode for å lære oss yngre å dekke eit bord pent, med bestikket godt innpå bordet, var å gå med tommelfingeren på bordkanten, og det bestikket som ikkje låg ein tommelfinger innpå bordet, datt ned, rett og slett. Neste gong du da dekka bord, dekka du ein tommel innpå, for å si det slik :) 

 

 

Glasa skulle stå på rekkje så om du dekka til 30 på kvar side skulle du sjå berre eit glas når du sikta. 

Denne "barnelærdommen" sitt. Vanskeleg å berre dekke eit bord "raskt" når du veit at du må gå over att etterpå fordi du ikkje kan slå deg til ro med at "det vart slik" :) 

 

Det treng ikkje vera dyr pynt på bordet. Eg brukar alt frå gamle sandkakeformer til ting frå dei kjende glasverka våre.

Ei blanding gjer det personleg og du kan ha fram dei tinga som betyr mykje for deg. 

 

Gamle grøne glas,fat og bollar saman med hadelandsnissar og granbar gjer at det blir jul for meg. I tillegg til alle Norgesglasa eg omgir meg med. Ute og inne. Som vaser og lykter, dei heng i taket som lamper og dei står på mjølkerama med ledlys. 

 

Norgesglas kan brukes til "alt"

Har du noko du vil ha oppsats i kan ein blomsterdekoratør hjelpe deg :)