Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Graffer anno 1906

Ei jul i gamle dagar. Besøk hjå Oddbjørg Blakar (del 2)


Oddbjørg feirar snart si 95 ende jul,og dei fleste av dei har ho nok vore heime i Lom. Oddbjørg trivst godt der.

 

 

 

 

Når eg besøkjer Oddbjørg, heime på garden Blakar i Lom, som ligg så fint til med Lomseggi midt i mot,er det litt over ei veke att til julekvelden. Oddbjørg fortel at to av gutane kjem heim og feirar julekvelden saman med ho. Ho er vant med å ha mykje folk rundt seg julekvelden ho Oddbjørg, da ho vaks opp på Graffer, garden som ligg som eit Soria Moria øvst i Vårdalen, var det støtt mykje folk julekvelden, tenestefolk og gardskarar var ofte med å feira jul på Graffer.

 

 

Nils-stugu på Graffer.Her voks Oddbjørg opp. Kjerringstugu til venstre var kårboligen på garden fram til 1990.
Graffer anno 1906.

 

 

Ho hugsar fyrste gongen dei var einslege julekvelden, da var storebror Jon gift og fløtt til Nørstnes, men Harald, Oddbjørg,Trygve,Gunnar ,Magnar og Guri feira jul saman med foreldra Mari og Hans.1.juledag var Oddbjørg og to brør i kyrkja i Lom, før dei reiste nordpå Nørstnes og "middåggå" ,før turen gjekk heim til Graffer." å da hugse e ner åss for upp Råsbakkjen da skein månen så flott" Eg tenkjer julekort stemning, når Oddbjørg fortel om turen heim frå Nørstnes (som ligg vest for Lom, mot Skjåk) med hest og sluffe, for desse tre heim frå bror. "åss hadde ein fin tur".

 

Da eg ringte og lurte på om Oddbjørg ville bidråggå med ei historie til kalenderen meinte ho  at ho hadde ikkje så mykkjy. Men eg sa at du veit det at same kva du fortel frå jule når du va littol, er  det histori for oss som ikkje livde for snart 100 år sidan. Du kan fortelja om kva dykk gjorde julekveldsdagen veit du! "ja da bar åss ved" var svaret. Og det skulle til mykje ved.

 

" E bli 95 år i April, dæ æ jysele lang tid, dæ æ jysele mange år. Dæ æ jysele mykkjy utvikling. Åss fæ nesten tru dæ kje går så fort mæ utviklingen di neste 90 år, får da trur e åss ende i evigheite. Må bremse på litte nå.

Juleftasdagen da jekk dæ meste ut får åss ongåm å berra ved, får da skull åss hå inn så mykkjy ved som dæ skull brukast i heile juln,får da skull dæ kje behøve berra ved. Men du veit åss barr ved da au, får sleppe brote sonn detta fine lae!

Får inni stuggun der va dæ ein skorstein såm va felles pipe mæ svartomne på kjøkenet, å da tordest åss ikkje bruke dein peisen får da vilde ikkje svartomn dråggå,så dein peisen fyllte åss mæ ved. Åså utti gangje va dæ ein veigg såm va lagomte 2 meter lang å frå golv te tak, så der låddå o mor ved, langs mæ dein veiggen. To la ette di nan, såm va pakk fulle. Så dæ va ho såm låddå får n sku sjå pen ut. Åss for tripp trapp tresko millom skåla å velta detta der på gang gålve,du kein sjøne at dæ såg pent ut ette åss! Men dæ va bærre sope dæ, så vart dæ reint att ette sjogg å flis.

Så.midt uppi dessa vedamarsje så va dæ da matpause, ein slags dugurd da. Å da fækk åss småsylta! Dæ va labbe tå grise, øyrun tå grise, trynet , å rompa. Rompa va fårbehulde budeia. Å da skull ho hå ,ette gåmeil uppskrift så skull ho hå ein dram får kårr beinledd. å yst på rompa vart dæ nå berre bein.... E trur kje dæ va praktisert hjå åss men dæ va nå skøya mæ di da :)

Attåt di så fækk åss mjukbrød, heimbryggja øl å hardbrød. Åså åt åss kanskje någgå liknande seinare utpå dagen au, får middagen dein va um kveiln.

Middagen um kveiln va lutfisk,støtt . Mæ peppar på, smør og lefse og hardbrød. Åså va dæ mjølkegryn, å dein sku dæ ikkje verra sukker på. Men dæ sku verra væl kokt mjølkegryn , å da brukte døm ein forsett små byggryn.

Kanskje va dæ sylte um kveiln, men da va dæ kje småsylt får ho va upp ete!

Så ette at åss hadde ete å fått vaska upp att å slikt så vart åss samla utti stuggun.Å dein stuggu ho va eit tå de keildaste rummåm i huse så der måtte dæ fyrast fryktele dein dagen å da vart dæ kanskje såpass varmt dæ jekk an verra der. Men der ha åss jultreet.så da jekk åss ronnt jultreet. Dæ sto eit piano der au, å da dæ  hende o mor spellte julsange.

Ette åss hadde gått ronnt jultreet va dæ kaffe å julbaksten.

Dæ va julgavo åt eille, dæ kunn åfte verra klæpleigg.

Åss kunn kje leigge åss seint får mårgån ette skull åss ått kjørkjun ,da kjøyrte åss mæ hest å sluffe frå Graffer åt Lom.

Dæ va  n far å nuggun tå åss ongåm såm reiste åt kyrkjun, ho mor va eilder mæ såm e veit får ho sku passe maten heime.Budeiun sku ha mat, gardskarein va der jeinne,kanskje gjekk døm heim ette frukost juldagen,men døm va der døm au julkveiln. Åss hadde eilder ein julkveill heime utta at dæ va fleir heil åss familin,når e vaks upp.Ho bestemor va inne ve dugurd,men ho va eilder inne ve middag å ikkje mæ inne i stuggun um kveiln. Ho va låk te gå å låk te høyre å ho dø i 37, da va e 12 år." 

 

Det var mykje folk heime på Graffer i jula etter at dei hadde fløtt ut og. Mange kom heim til jul. "Å åss va så hogga på mjukbrø da veit du" , så ei jul kokte Oddbjørg ein stor kjel med poteter i romjula og fekk med seg broren Trygve og steikte meir mjukbrød. "dæ va ingen såm såg åss, da fækk døm bli slike døm vart -åss fækk da treningje! -Ingen æ født mester,men eille mestere æ fødde!"

 

 

 

Takk til Oddbjørg for at du er så positiv og stillar opp! Vi sett stor pris på deg i  Oppland Bygdekvinnelag! Det kjem meire frå Oddbjørg, eg har mykje lydopptak som eg kjem til å skrive av .

 

Med dette ynskjer styret i Oppland Bygdekvinnelag alle ei riktig GOD JUL!!!