Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Viktig og ikkje ta seg sjølv høgtidleg!

Vårhelsing frå Distriktsleiaren!


Vi Bygdekvinner er ei ressurs for grenda,bygda, landsbyen og byen! Vi er gode på og "kaste oss" rundt, og klare til og yte, og NYTE når det trengs! 

Da eg for ein månad sidan tok over som Distriktsleiar i Oppland Bygdekvinnelag,var det ei audmjuk Borgny som starta ein jobb med og få oss synlege , og aktive, sjølv i ei litt trå periode i verda. 

Eg tenkte på alle dei bra damene eg no er i same "gjeng" som , som har vore Fylkesleierar før meg, og som eg i alle år har sett så opp til! Kunnskapsrike, bra damer, som vil det beste for oss alle er dei!

Og eg gler meg på oppgåva. På å få fram kva vi i Bygdekvinnelaget engasjerer oss i. Alt frå vanlege medlemsmøter over ein kaffe kopp, til jordvern, stortingsmeldingar og klima og miljø.

For det ER Bygdekvinnelaget. Når folk spør meg "jammen kva GJER dykk i Bygdekvinnelaget?" Så svarar eg : Bygdekvinnelaget er ein organisasjon som medlemmane bestemmer mykje av kva den skal vera. for det er egentleg ingen fasit. Alle kan bli med og forme organisasjonen til å vera slik dei ynskjer!

Vi har sjølvsagt vedtekter, politisk plattform og strategiplan i botn,men utover det så seier egentleg Vedtektene sin §1 alt : Føremålet med organisasjonen er å samle kvinner som ser meininga i aktive bygdemiljø og primærnæringane. Norges Bygdekvinnelag er ein partipolitisk nøytral organisasjon som skal ivareta kulturelle, sosiale og økonomiske interesser for kvinnene og bygdefolket, og byggje på likeverd, demokrati og kristen kulturarv.

 

Styret i Oppland bygdekvinnelag er så vidt i gang med arbeidet sitt. Alle regionar har kvar sin kontakt person i styret, og dei skal opprette kontakt med lokallaga "sine" slik at dei før kvart styremøte kan høyre om det er noko lokallaga vil at vi tek opp. Vi har og oversendt sakane frå årsmøtet til NBK slik at dei kan sjå vidare på kva lokallaga våre ynskjer. 

Norges Bygdekvinnelag er bygd opp frå boten av, så det viktigaste leddet vi har er lokallaga, og eg håpar at vi kan ha eit program gjennom året som vil vise at lokallaga våre er dei vi jobbar for, og med! Og at når eit år er gått, så er vi alle litt klokare, og har lært noko vi ikkje visste frå før! Vi ynskjer oss innspel frå medlemmane, og ingen ynskje er hverken for stort eller smått. 

Mykje er sett på vent, og mykje er på planleggingsstadiet enno. Men vi håpar og trur at mykje kan settes ut i livet når sommaren, hausten og vinteren kjem. Vi vedtok og bruke meire pengar(!) på årsmøtet, sjølvsagt fornuftig bruk, og det skal vi gjera. Pengar som skal koma medlemmane tilgode, og som kan gje oss enda ein god grunn til å vera medlemmar i Bygdekvinnelaget. Sosiale treff, der vi og kan nyte, lære noko nytt og få nye vener står høgt på lista. Inspirasjon er viktig for å yte i kvardagen, og det skal vi i Bygdekvinnelaget vera med på å gje. 

 

Når Bondelaga i Hedmark og Oppland slo seg saman i Desember vart dei eit stort fylkeslag,og ein region  med mykje matproduksjon av alle slag.

Mottoet til Innlandet Bondelag vart derfor: Innlandet - matregion nr.1. Det stiller vi oss sjølvsagt bak. Og eit godt samarbeid med Bondelaget er godt og ha med seg. Dei produserer maten vi har tradisjon for å servere. Og dei, som oss, er opptatt av levande bygder, jordvern og matsikkerheit.

Vi er og takksame for jobben dei gjer for oss på kontoret, og vi veit at ikkje alle fylkeslag er så heldige som oss. 

Alle papir ligg her på heimesida vår. Referat frå alle styremøter, og årsmeldig og protokoll, samt litt anna legg vi ut her.

 

Mykje av dette er ting mange av dykk veit frå før, men det var med stor glee eg såg nye namn innimellom gamle gode namn på deltakar lista på årsmøtet. Det er slik det skal vera, ei god blanding av nye og "gamle" medlemmar. Det er slik vi får viareført tradisjonar og opprett held kontinuitet i laga. Ingen er "for gamle" og ingen er "for unge" til og vera med, ein har kanskje berre forskjellige måtar ein vil vera medlem på. Det må vi godta.- og vi har plass til nye medlemmar og vi! 

 

Eg gler meg til vi kan møtes alle saman, og det veit eg at eg har med meg heile styret på og! 

Om det blir i aust eller vest, nord eller sør av Oppland, ja det får vi sjå, men ein dag!! Ein dag! -og at tema vil vera inspirasjon, bygg, jordvern, mat, kvinnelege grûndere og mykje meire, DET er eg og sikker på! 

- og til da: ver ein vaken forbruker. Spør etter norsk mat, lokal mat, norske blomar .........

Referat frå styremøte i OBK 230321

Vårhelsing frå Borgny Sletten, audmjuk leiar i Oppland Bygdekvinnelag