Jun
11
Thu
Bli med på busstur til Rauma
Besøk på museet på Ner-Hole på Romsdalshorn:
historieforteljing og kaffi og noko attåt ved det lokale bygdekvinnelaget.
Woldstad Gard i Isfjorden Foredrag med Johan Settem frå Tuen Vingård – verdas nordlegaste. Vinsmaking for dei som vil. Fiskesuppe og brød + kaffi til lunsj klokka 13.30.
Omvisning i Rødven stavkyrkje
Stopp ved Grytten kyrkje på Veblungsnes og besøk i gardsutsalet til Tuen Vingard som ligg like ved.
Vi er tilbake på Sylte om lag klokka 18.30 - 19.
Påmelding til Gerd på telefon 47659275 eller e-post: gerd.mmh@gmail.com
Gi beskjed om eventuelle allergiar og kvar du vil gå på bussen.
Frist 30. mai.
Pris for buss, servering, foredrag og omvisningar: medlemmar kr 650 - ikkje-medlemmar kr 950
Velkomen til ein hyggeleg tur!