Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Hatløya

Hatløya

Jun
15
Sat

Bli med til Hatløya!

Hatløya
-

Spennande tur til øyriket i Ulstein laurdag 15.
juni!
Valldal bygdekvinnelag inviterer til sommartur til Randi sitt rike på Hatløya i Ulstein.
Oppmøte på hamna på Sylte kl. 09.15. Vi fyller opp bilane og køyrer til Ulsteinvik. Derifrå
får vi privat båtskyss ut til Hatløya (ca 10 min). På Hatløya organiserer vi ein enkel middag
(sodd) på det gamle skulehuset. Etterpå ruslar vi rundt på øya og ser oss rundt før vi tek
ein kaffipause på verandaen til Randi.
Retur med båt utpå ettermiddagen. Vi tek ein avstikkar til Flø for å sjå på havet, himmelen,
lyset! Vi er tilbake i Valldal ca kl 20/21.
Praktisk:
 Vi serverer vatn og kaffi/te. Om du vil ha anna å drikke så ta med sjølv.
 Ta på gode, vasstette sko og kle etter veret.
 Pris kr 350 pr person. Dette dekkjer bilturen, ferje, båtskyss og mat. Betaling ved
avreise.
Påmelding til Gerd tlf 47659275 eller e-post gerd.mmh@gmail.com
Gi beskjed ved allergiar. Sei frå om du kan køyre. Det blir gitt kompensasjon for bruk av bil.
Frist 8. juni
Turen vert gjennomført ved minimum 10 påmeldte. Bli med! Dette blir fole kjekt!
Tusen takk til Randi som er vert, vegvisar, kjentkvinne og historieforteljar!

Arr: turgruppa i samarbeid med Randi