Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Nov
02
Sun

Bygdebrunch

Klubbhuset på Omenås
-

Velkommen til Bygdebrunsj på klubbhuset i Valldal .

Å møte sambygdingar, å dele eit måltid på ein haustsøndag i november, helt gratis...det kan vere noke å ta med seg.

No inviterer vi små og store, gamle og unge til å kome. Eit godt måltid med mykje heimelaga mat, det meste laga av gode bygdekvinner frå eiga bygd og attpåtil heilt gratis. Kan det bli betre?

Bygdekvinnelaget er ein viktig tradisjonsberar og frivillig aktør i lokalsamfunnet vårt. Frivillig arbeid som vi gjer blir stadig viktigare for at lokalsamfunnet skal «gå rundt». Vi ønskjer å bidra på ulike arenaer og vi gjer det med glede. Det gir mykje tilbake og vi har det triveleg når vi møtest og mestrar. Norges Bygdekvinnelag er ein møteplass for aktive kvinner. Vi bryr oss om det nære, og er opptekne av levande bygder, lokal kultur, inkludering, mattradisjonar og folkehelse. Som lokallag har vi mange ulike aktivitetar og arrangement, som Syng med oss, Kviss, Olsok, kurs, turar, kyrkjekaffi og foredrag. Vi har Bygdekvinnekveldar omlag ein gong i månaden som er opne for alle og vi inviterar gjerne med oss nokon. Vi har godt samhald, har respekt for kvarandre og får nye vennskap. I vårt lag er det 32 medlemmar, omlag 20 av desse er aktive. Vi samarbeider gjerne med andre lag og frivilligsentralane om tiltak. Saman er vi fleire og sterkare.

No inviterar vi deg og familien din på BYGDE-BRUNSJ. Fjøringane gjer dette med stor oppslutning. Å møtest rundt matbordet er ein viktig og god arena for samhald. Vi i Valldal Bygdekvinnelag syntes dette er eit særdeles flott tiltak og vil gjere det samme for våre sambygdingar.

Første søndagen i november håper vi å sjå deg på klubbhuset. Du er hjartleg velkomen og hugs det er heilt gratis for alle.

Helsing frå Valldal Bygdekvinnelag. Bjørg Sætren Kleppe, leiar.