Frivilligverkstad med Are Kalvø
Invitasjon til frivilligverkstad –
med opningsforedrag av Are Kalvø
Kjære alle frivillige lag og organisasjonar.
Vi vil gjerne invitere dykk til ein inspirasjonskveld der vi både får trimma lattermusklane –
og deretter arbeide saman om noko viktig.
Vi startar kvelden med eit foredrag av Are Kalvø, som er eit tilbod gjennom biblioteket og
Litteraturhus Møre og Romsdal (ope for alle). Rett etter foredraget går inn på eige rom for
litt kaffimat og arbeidsverkstad der vi skal arbeide med innspel til den nye
frivilligstrategien som er under arbeid.
Kvifor er dette viktig?
Frivillig sektor er ei av dei sterkaste kreftene i lokalsamfunnet vårt. Det er de som skaper
møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap – og det gjer de gjennom mange timar
med engasjement og innsats.
For at strategien skal bli nyttig i praksis – ikkje berre fine ord i eit dokument – treng vi
dykkar stemmer, erfaringar og idear.
Kvifor bør de prioritere å kome?
• De får høyre ein av landets mest folkekjære humoristar.
• De får direkte innverknad på korleis kommunen skal samarbeide med og støtte
frivilligheita i åra som kjem.
• De gjer oss betre rusta til å skape eit inkluderande, aktivt og livskraftig
lokalsamfunn.