Årsmøte 2026
Før årsmøtet var medlemmane samla på Fredheim til sosialt samvær og servering frå kl. 17.00.
Vertinnegruppe 5 diska opp med rømmegraut, risengrynsgraut og tilbehør
Bjørg hadde ei overrasking denne kvelden til to medlemmer som har gjort seg fortent til ei spesiell
påskjøning etter å ha hatt ulike verv i laget gjennom ei årrekke:
- Petra Jemtegård
- Sunneva Linge
Bjørg rosa desse to i sin omtale, og begge fekk utdelt heidersbevis i form av eit kjevle, levert av
Norges Bygdekvinnelag i tillegg til blomar.
Takk til desse to! Begge kvitterte med takk, dette kom nok litt uventa!
Etter årsmøtet var det tid for ny servering; kaffi m/fruktsalat kromkaker, eplekake og is!
Seinare vart det åresal med dei unike årane til Fjørå vel!
Leiar Bjørg orienterte om den planlagte «Bygde-brunsjen» som skal vere søndag den 8.nov.
Arbeidsliste vart delt ut, oppgåvene er fordelt.
Annonsering vert gjort, og vi håper på like godt frammøte som i fjor!
Adventskalenderane er no komne, og dei vil bli selt under brunsjen.
Nokre endringar i høve aktivitetsplanen:
Styremøte den 2. nov. blir flytta til den 9.nov.
Bygdekvinnekveld den 19. nov. går ut sidan det blir tett program framover.
Kulturdagen på ungdomsskulen er flytta frå den 20. til den 19., det har meldt seg fleire medlemmer
som er viljuge til å delta, desse vil få meir info etter kvart.
Førjulshygge i desember; tenkt invitert våre nye utanlandske innbyggjarar.
Blomster og applaus til :
- May, som no går ut av styret
- Judith som takk for innsatsen i Sansehagen gjennom mange år
- Bjørg som har leia laget siste åra og takka ja til å halde fram vidare
Ein lang og innhaldsrik samankomst før og etter årsmøtet!
Tusen takk til vertinnegruppe 5 og Mette Marie!
Møtet slutt kl. 20.50
Magnhild
skrivar
Link til årsmeldinga: