Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Utsendingar frå Valldal bygdekvinnelag. VBK

Utsendingar frå VBK og fylkesleiaren.

Årsmøte i Molde


17.og 18. mars vart det halde årsmøte i Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.

Nelly, Kristin og Solveig var utsendingar i år. Mette Marie var der også, men berre på laurdag og reiste heim om ettermiddagen. Så vi fekk ikkje  henne med på biletet.

Det  var eit flott årsmøte og gode foredrag. Det var Einar Risvik frå Nofima som snakka om byggkornet. Forsking har vist at det har så mange gode eigenskapar for betre helse. Forsøk viser at graut av bygg gir gode resultat på skulearbeidet! Litt artig også at svigermor til Einar Risvik er frå Valldal, syster til Egil Walldal. Det var også besøk av Helle Berger frå administrasjonen og Grethe Brundtland frå styret. Helle snakka om nettsida, og Grethe hadde nytt frå NBK! Ein svært triveleg helg !

Solveig