Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Kirsti ynskjer oss velkomen til gards.

Kirsti ynskjer oss velkomen til gards.

Flott hovudhus på garden.

Flott hovudhus på garden.

Resepsjonen med gamle møblar og bord laga av ein kvernstein.

Resepsjonen med gamle møblar og bord laga av ein kvernstein.

Resepsjonen med salsvarer.

Resepsjonen med salsvarer.

12 blide damer samla rundt bordet.

12 blide damer samla rundt bordet.

Litt av den gode maten.

Litt av den gode maten.

Kirsti Indreeide fortalde oss mykje om garden og planane vidare.

Kirsti Indreeide fortalde oss mykje om garden og planane vidare.

Gode smakar!

Gode smakar!

Fleire gode smakar!

Fleire gode smakar!

Skyssbåten er klar for neste tur.

Skyssbåten er klar for neste tur.

Blåtur 2023

Torsdag 19.oktober møtte 12 spente damer opp på kaia i Valldal. Det viste seg at vi skulle reise med skyssbåten som for tida går mellom Eidsdal - Norddal og Valldal. Flott båt og tur!

I Eidsdal vart vi henta på kaia av Kirsti Indreeide med hjelparar, og dei køyrde oss trygt opp til Veiberg og barndomsheimen til Kirsti. Låven på garden brann ned i 2018, og Kirsti bestemte seg for å bygge nytt, men då som eit bygg som kunne brukast som produksjonslokale, resepsjon for campingplassen og stover som kan brukast til servering og arrangement. Kirsti hadde tatt over merkevaren Stolte Anton ,- ei bedrift som bruker lokale råvarer i produksjon av gele, syltetøy, saft og hermetiske frukter.

Vi fekk høyre mykje om historia til garden, og om tankane Kirsti har for å utvide verksemda. Ho hadde no fått tilsett ei ny medarbeidar som brann for dei same tankane. Dette gjer det også lettare å ta på seg arrangement i tillegg til produksjonen.

Vi skulle også få servert kveldsmat, og fekk då smake nydelege heimebaka brød med lokal kjerull, rallarpølse og med 3 ulike chutneyer til. m.a. av rødbetar og plommer.  Dessutan ost frå Nordmøre som vi kunne prøve saman med mange forskjellige gelear, marmelade og syltetøy. Det vart mange favorittar som vi også fekk høve til å kjøpe med oss heim. Sjølvsagt fekk vi også nydeleg saft med god bringebærsmak. - Til slutt kunne vi også gå i resepsjonen og kjøpe med oss godsaker heim, enten til oss sjølve eller i gåve.

Vi smakte og åt godt, og jammen vart det også nydeleg eplekake til slutt! - Nam - nam!

Det vart ein triveleg kveld med god mat og kjekk prat. Kjekt å kome og sjå nye arbeidsplassar i kommunen vår. Og produkt frå Stolte Anton kan anbefalast.

Til slutt vart vi skyssa på kaia for å ta båten heim, litt meir vind og sjøgang no, men det gjekk bra. 

Takk for at vi fekk kome på besøk, og takk til dei som organiserte dette!