Bygdebrunsj
"I år som i fjor inviterte Valldal Bygdekvinnelag til bygdebrunsj på klubbhuset. Eit godt tiltak for å samle bygdefolket til eit felles måltid med tradisjonsrik heimelaga mat. Mange tok turen denne søndag formiddag, i år på sjølvaste farsdagen! Det såg ut for at folket kosa seg med god mat og triveleg prat. Vi ser stadig etter kva vi kan gjere betre og annleis, og håper at vi får til eit liknande arrangement neste år. Takk til alle som kom og takk til dei som kjøpte kalenderane som også er eit årvisst sal for laget!"
Tekst: Magnhild
Foto: Judith