Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Iryna, Maryna, og Darina frå Ukraina fortalde historiene sine.

Marina, Irina og Darina frå Ukraina fortalde historiene sine.

Petra fortalde korleis familien hennar opplevde krigen.

Petra fortalde korleis familien hennar opplevde krigen.

Maryna sang om krig, arbeid, livet og kjærlighet. Og sommarfuggel i vinterland.d..

Maryna sang om krig, arbeid, livet og kjærlighet. Og sommarfuggel i vinterland.

Iryna fortalde om jobben som Flyktningekonsulent.

Iryna fortalde om jobben som Flyktningekonsulent.

Mykje folk samla.

Mykje folk samla.

God stemning.

God stemning.

God gulrotkake.

God gulrotkake.

Deilig bløtkake som gjekk unna.

Deilig bløtkake som gjekk unna.

Gevinstar!

Gevinstar!

Vigdis med brudekjolen til mora, sydd i Valldal like etter krigen.

Vigdis med brudekjolen til mora, sydd i Valldal like etter krigen.

Bygdekvinnekveld i mai

I morgon er 8. mai, og denne bygdekvinnekvelden handla både om krig, fred og å leve i framandt land. Vi hadde invitert ukrainarar som både skulle underhalde og fortelje om livet i Norge.

Først fekk vi ein videosnutt som var laga i høve Landsmøtet som skal vere i Ålesund 7. - 9.juni. Nelly orienterte og ba folk om å melde seg på.

Petra fortalde om gleda som var 8. mai 1945, og håpa Ukraina snart fekk oppleve det same. Petra var 3 år då krigen starta, men hugsar ein del fordi garden til besteforeldra vart tatt av tyskerane og brukt for å kontrollere skipsleia forbi ved Vågsøy. På garden vart det bygt rampe for bruk av kanoner, underjordiske tunellar og bunkersar. Etter Måløyraidet vart det også mange razziar i området, og ein bestefar og morbror vart sendt til Grini. Bestefar kom heim igjen, men var svekka. Ei sterk historie.

Vi hadde nokre allsongar, men Maryna var den som underheldt med sang på ukrainsk,  og Sommarfuggel i vinterland på norsk!

Iryna som er flyktningekonsulent i Fjord kommune fortalde om jobben sin. No er her 69 flyktningar, og 20 kjem snart. Dei går på intensivt norskkurs, målet er å kome i jobb. Mange har god utdanning, men då må dei ha norskeksamen og autorisasjon for å fungere i same stilling.

Darina fortalde at ho hadde 5 år på universitet med språkfag. Ho er tolk, oversetter og lærar. Ho bur i Eidsdal og fekk først jobb på Campingen der som reinhaldar, men og med baking. Ho trivdest, baking var ein hobby! No er ho lærarassistent på Stranda vidaregåande med både språk og matfag!

Vi hadde fine allsongar som Magnhild hadde funne fram, til og med Vårsøg som var skriven som hyllest til freden i 1945.

Åresalet gjekk unna, det vart både såpe, kaffi og blomster.

Vigdis viste fram brudekjolen som mora fekk sydd av Inger like etter krigen. Den var heilt nydeleg!

Tusen takk til vertinnegruppe 3 for tillaging, kaffi og nydelege kaker!

25 deltakarar.