Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Seremonibygget på Juvet.

Seremonibygget på Juvet.

Bjørg ynskte velkomen og hedra kong Harald.

Bjørg ynskte velkomen og hedra kong Harald.

Nærare 20 damer hadde samla seg.

Nærare 20 damer hadde samla seg.

Koseleg med fyr i peisen og fine damer!

Koseleg med fyr i peisen og fine damer!

Her kjem suppa i hus.

Her kjem suppa i hus.

Karoline orienterte om digital hjelp i Fjord.

Karoline orienterte om digital hjelp i Fjord.

Bygdekvinnekveld på Juvet

Bygdekvinnekveld i Sermonibygget på Juvet Landskapshotell

Tysdag 8. september kl.1800.var nærare 20 bygdekvinner samla til første møte denne hausten. Det var kjekt å samlast på denne flotte staden, sjølv om veret kunne ha vore betre. Seremonibygget bestod berre av eitt stort rom, pluss toalett. Der var fint pådekka med kvite dukar, Linda hadde vore den som ordna med bestilling, pådekking og pynting.

Kokken på Juvet, Chris, serverte oss nydeleg kjøtsuppe. Seinare vart det kaffi, twist og vaflar med jordbærsyltetøy.

 Bjørg ynskte velkommen, og ho tende lys, las dikt og spela Kongesangen for å hedre kong Harald som har gått bort.

Så introduserte ho kveldens gjest, Karoline Høydal Lingaas. Ho er prosjektleiar i Fjord kommune for eit nytt tilbod om digital opplæring. Det blir digitale kaffikrokar i 5 av bygdene våre, du kan også bestille digital hjelp heime, og det er gratis heimlån av nettbrett. Karoline orienterte på ein god måte og svarte også på spørsmål.

Gerd orienterte om Olsokarrangementet som vi var med på, og at laget tente godt på det. 

Bjørg orienterte om program for hausten,-  Kviss, Syng med oss, dugnad i Sansehagen, Distriktssamling på Sjøholt og Bygdebrunsj i november.

Så var det klart for åresal med mange gevinstar.

Takk til vertinnegruppe 4,- Linda, Sunneva og Judith og til Karoline som informerte oss.

 Takk også for at vi fekk vere på Juvet.