Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Ein nydeleg haustdag i hagen.

Ein nydeleg haustdag i hagen.

10 aktive dugnadsfolk stilte opp med hagereiskap og godt humør..

10 aktive dugnadsfolk stilte opp med hagereiskap og godt humør.

Skvalderkålgjengen Åse, Liv og Rigmor.

Skvalderkålgjengen Åse, Liv og Rigmor.

Oddbjørn begynte å spa fram vegen, blir smalare år for år.

Oddbjørn begynte å spa fram vegen, blir smalare år for år.

Dugnad i flott haustver!

Fredag 22.10.22 vart det dugnad på kort varsel. Men vi vart 10 arbeidsvillige sjeler som jobba på. Vi fekk klipt og rydda i bed, bærbusker og rosetre. Krukkene vart også tømde, og litt haustlyng og gamle tulipanløkar vart sette nedi.

Det vart også kosta og rydda i stolar og bord. Så no er det klart for haust og vinter.

Til slutt vart det ei kaffistund med prat om året som har gått, og om planar for neste år. Vi har nettopp fått pengar frå Vbk og Fjørå Helselag, 3000 kr frå kvar! Tusen takk!

Skal kanskje starte med eit samarbeidsmøte til våren. Har fått ny kontakt for dei tilsette,- det er Lisbeth Eiksund Torvik. Må også få ny representant for dei pårørande.

Tusen takk til dei frivillige som har stilt på dugnad i år, og også til dei som har vatna og stelt hagen i sommar!!