Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Sol og fint, men kald vind.

Sol og fint, men kald vind.

Minidugnad med 7 arbeidsvillige damer.

Minidugnad med 7 arbeidsvillige damer.

Georgina har trossa regn og styggever!

Georgina har trossa regn og styggever!

Rosetrea blomstrar heile sommaren, sjølv om dei lever kummerleg blant skvalderkål og anna.

Rosetrea blomstrar heile sommaren, sjølv om dei lever kummerleg blant skvalderkål og anna.

Dugnad i flott haustver!

Det var vanskeleg å planlegge haustdugnad i alt ruskeveret, så vi slo til fredag 20.10.23 kl 14. Vi brukte folk frå arbeidsgruppa og nokre eldsjeler til!

Vi fekk rydda til vinteren, men let nokre av blomstrane stå igjen, dei var for fine til å kaste!  - Vatninga har gått bra, det har regna mykje! - Glimt hjelpte til ein gong pr veke, så det var god hjelp. Tusen takk til dei og også andre som har stilt opp. 

Det har blomstra fint, og det vart mykje bær, særleg bringebær. Dei likar godt regn, vart kjempehøge, så vaktmeisteren måtte lage ny støtteordning!

Kjøkkenet stilte opp med gode sveler og kaffi, så vi hadde ei lita pratestund til slutt. Vaktmeisteren ordna også med tilhengar til rusk og rask. Veldig bra.