Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

8 trufaste frivillige med flott innsats!

8 trufaste frivillige med flott innsats!

Ser ryddig og fint ut.

Ser ryddig og fint ut.

Kjøkkenet spanderte kaker og kaffi. Nam - nam!

Kjøkkenet spanderte kaker og kaffi. Nam - nam!

Dugnad ved Valldal sjukeheim

Tysdag 5. mai vart det dugnad i Sansehagen. Veret om morgonen såg utriveleg ut, men vi fekk litt sol og opphaldsver, så det gjekk heilt fint.

Denne gongen skulle vi plante 2 nye blåbærbusker, eit nytt rosetre og nokre jordbærplantar. Elles vart det vasking av bord og stolar, ugrasfjerning, stell av bærbusker og planting i krukker. 

Vi var berre 8 som møtte opp, så vi fekk ikkje vekk alt skvalderkålet. Men alle gjorde strålande innsats. Kjøkkenet spanderte kaffi og kaker mm. Godt å sette seg ned og ta ein prat.

I år må vi også vaske og måle paviljongen, skal få ein del hjelp av Lionskarane!  Benkane i hagen treng også eit strøk maling.

Ny dugnad om ca ein månad!