Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Liv, Rigmor og Gerd med Franske peparkaker, - enkelt og godt!

Liv, Rigmor og Gerd med Franske peparkaker, - enkelt og godt!

Nydelege aniskringler vart det også.

Nydelege aniskringler vart det også.

Linda laga gode Videseterkaker.

Linda laga gode Videseterkaker.

Velkomstgløgg serverte Bjørg.

Velkomstgløgg serverte Bjørg.

Maten smakte godt.

Maten smakte godt.

Bjørg stilte med julesongar og opplesing frå Alf Prøysen.

Bjørg stilte med julesongar og opplesing frå Alf Prøysen.

Aniskringler med variasjonar

Aniskringler med variasjonar

Videseterkaker og franske peparkaker.

Videseterkaker og franske peparkaker.

Petra hadde laga nydelege Nikkalefser.

Petra hadde laga nydelege Nikkalefser.

Fine damer og fin bordpynt.

Fine damer og fin bordpynt.

Førjulshygge med baking

Tysdag 5. desember var det Førjulshygge på skulekjøkkenet på Valldal skule. Vi var 13 som møtte opp for å kose oss i lag med litt aktivitetar. Men først serverte Bjørg oss litt gløgg, og Solveig ønskte velkomen med diktlesing, og vi fekk synge julesongar!

Styret hadde opplegget denne kvelden, og dei hadde med deiger som vi skulle bruke. Obs! Oppskrifter lenger nede!

Magnhild kom med aniskringledeig, Mette Marie med Videseterdeig, og Solveig med Fransk peparkakedeig. Vi fordelte oss utover og var raske og effektive med bakinga, sjølv om kringlelaging var litt problematisk. Men alle variantar vart godtatt!

Baksten gjekk bra, sjølv om steikinga var vanskeleg med ukjende ovnar. Petra hadde baka nydelege Nikkalefser som vi fekk smake, så vi kosa oss med alle sortane, song julesongar og fekk høyre Prøysen stubbar frå Bjørg.

Mette Marie fortalde også om ein fæl heimtur frå Tromsø til Fjørå i 1988. Storm og uver gjorde at flyet ikkje kunne lande på Vigra, så då for dei land og strand rundt med to barn, den eine berre ei veke gamal. Men dei kom heim til slutt.

Sjølvsagt vart det også åresal med mange gevinstar.  Takk til dei som laga til for oss! Og god jul til alle !

Oppskrifter:

Franske peparkaker     180gr i 6- 8min.

250g ssmør

200g sukker

200g sirup

200g grovhakka mandlar3 ts kanel

3ts kanel

2 ts nellik

2 ts hjortesalt

ca 500g kv.mjøl

1.       Smør og sukker kvitt.

2.       Ha i sirup, krydder, hjortesalt og nesten alt mjølet.

3.        Arbeid deigen saman.

4.       Trill til pølser og sett kaldt. Kan også frysast.

5.       Skjer opp og steik.

6.       Avkjøl på rist.

Håper det smaker!  -  Solveig

 

Aniskringler

1,5 kg mjøl, 180g sukker, 1pk anisfrø, 1/2 ts salt, 1,5 pk gjær, 1l melk, 150g marg. Mjøl til utbaking.

Sett til heving inntil 1 time. Trillast ut til kringler og etterhev. Pensle med egg ( evt. egg/melk). Steikast ved ca 210-220gr

Julekaker  Videseterkaker

Julekaker