Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Lyng høyrer med om hausten. Ekstra fine i år!

Lyng høyrer med om hausten. Ekstra fine i år!

El-sykkelen vart vaska og køyrd i garasjen, slik at vi fekk plassere dei nye borda og stolane.

El-sykkelen vart vaska og køyrd i garasjen, slik at vi fekk plassere dei nye borda og stolane

Anne kom med fine georgineroser.

Anne kom med fine georgineroser.

Vi klipte stauder og kasta sommarblomster, men desse fekk stå!

Vi klipte stauder og kasta sommarblomster, men desse fekk stå!

Kaffistunda er viktig, kjøkkenet spanderte kake, twist og kaffi!

Kaffistunda er viktig, kjøkkenet spanderte kake, twist og kaffi!

Fugleskiten vaska, og alt fint plassert.

Fugleskiten vaska, og alt fint plassert.

Haustdugnad

Måndag 13. oktober var det klart for haustrydding.

Det var grått og trist, men ikkje skikkeleg regn heldigvis.

8 glade frivillige stilte opp!  - Vi hadde det kjekt og rydda vekk gamalt og visna bladverk og blomster, klipte bringebær, krukkene fekk lyng og er klare for kulden. - Nokre begoniar såg verkeleg flotte ut og fekk stå, det same med ein hortensia.

Turid hadde fjerna verandakassene frå gamlebygget på førehand.

Etter samtale med Truls Villanger og Lisbeth Torvik, ( som er vår kontaktperson på Heimen), at vi skulle rydde plass til dei nye borda og stolane i huken under tak. Sykkelen vart vaska for fugleskit og plassert i garasjen.

Kjøkkenet stilte med kaffi og nydeleg kake og twist. Tusen takk!

Så då vart det ein god prat rundt bordet, siste opprydding og kosting.

Då blir det litt lystenning til advent som er det neste. 

Tusen takk til Oddbjørn, Bjørg, Kjellaug, Elinor, Anne, Liv B, Signe og Judith!