Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Blide damer frå Møre og Romsdal på plass i Stavanger.

Blide damer frå Møre og Romsdal på plass i Stavanger.

Solveig, Linda og Gerd på vandring i Stavanger.

Solveig, Linda og Gerd på vandring i Stavanger.

Godt med ein tur ut i gamle Stavanger.

Godt med ein tur ut i gamle Stavanger.

Stilig med rosa dør, syntest Solveig og Gerd!

Stilig med rosa dør, syntest Solveig og Gerd!

Her er døra!

Her er døra!

Besøk på Hermetikkmuseet.

Besøk på Hermetikkmuseet.

Gamle, fine boksar!

Gamle, fine boksar!

Kjekt å sjå seg rundt i byen.

Kjekt å sjå seg rundt i byen.

Inspirasjonsseminar i  Stavanger.

 

Ei draumehelg på mange måtar. Gerd, Linda og Solveig var der. Vi fekk mykje av mangt, både inspirasjon og bli kjend med mange nye bygdekvinner

Flott opplegg. -  Stor trivselsfaktor. Knallbra innlegg.  

Bygdekvinnelaget hadde laga til ei spenstig helg med mykje lått og løye, alvor og skjemt, foredrag og konsertar, og ikkje minst mykje prat og god mat. Roger Sevrin Bruland var der. Den gode og trygge røysta frå Utvik han som tråla   Europa rundt i pandemien som NRK reportar for at vi skulle få  vite stoda rundt oss.  Timen med han vart ein fulltreffar.  Han fortalde innleiingsvis at han hugsa at bestemora fekk blad frå bondekvinnelaget og der var ofte også utanriksstoff om han alltid las. Kanskje dette var kimen til  interessa for dette.

Der var ca 170 deltakarar frå heile landet.

Der var også ulike turar som vi kunne velje. Vi frå Valldal var med til hermetikkmuseet i byen og fekk  høyre om dette, som også er ei kvinnehistorie om dårlege forhold og lite løn.

Det vart ei innhaldsrik helg frå fredag til søndag. Det gjev påfyll  å treffe andre og forstå at vi er i eit stort kvinnenettverk med folk frå heile landet.  

Det siste inlegget hadde skikkeleg  svung over seg—med tittelen, « Dronning i eige liv»! Vi fekk ei god påmining om at det vi  gjorde var bra – og bra nok-

  

Solveig

Foto: Solveig og Linda