Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Løytnants hjerte !

Løytnants hjerte !

Junimøte og Bokslukerpris.

 

MEDLEMSMØTE 6.JUNI
kl. 16 på Martin Linge-huset.

Desse møtte: 14 VBK-medlemer + 8 elevar frå 6.kl. med lærar Oda Myklebust.

Solveig, leiar,opna med eit dikt og orienterte så litt om VBK for 6.kl. 
Klassa hadde vore på Oslotur. Elevar frå klassa var valde ut til å vere med i jury for Bokslukarprisen 2018.
Elevane skulle på førehand lese utdrag frå 10 barnebøker, men mange las bøkene heilt ut.
Det vart bestemt at heile klassa skulle få reise. og dei søkte om pengestøtte m.a. frå VBK.
Laget støtta tiltaket med 3000 kr, men ynskte besøk av klassa med referat frå turen.

Elevpresentasjonen var godt førebudd.  Først fekk vi høyre om bøkene klassa hadde lest.
Mons Håkon og Elida delte bøkene mellom seg  og fortalde frå innhaldet.
Så var det Lovise og Iselin som tok over.Læraren viste bilde frå turen og jentene kommenterte.
Turen gjekk med tog, og overnattinga var på Ellingsrudåsen skule.
Då dei møtte opp til Bokslukarprisen, fekk 2 av elevane, Alva og  Elida, intervjue forfattaren Siri Pettersen.
Elles skulle turen vere fagleg nyttig, og det var lagt inn besøk til Vigelandsparken, Slottet, Stortinget og
Vikinghuset på Bygdøy med Osebergskipet og Gokstad skipet.
Dei var også på NRK-omvising i Radiohuset og Fjernsynshuset. På Viking huset kunne dei prøve vikinghjelm, sverd og skjold.
På Stortinget fekk dei prøvesitje benkane og prøve å votere på gamlemåten.
- Ved Stortinget var det visst ein av elevane som sa at der var den første statua han hadde sett i Oslo med klede på.
Dei hadde tidlegare vore i Vigelandsparken.-
Så var det kaffipause med sveler, sjokoladekake, kaffi og saft. Det var også sett fram fat med druer, banan, gulrøtter og melon.
Etter maten var besøket over. 

Leiar fortalde no om nytt sidan siste medlemsmøte.
*Leiar hadde fått takkebrev frå ungdomsskulen . Medlemer serverte graut til elevfrukost nokre veker. 
*Laget har teke på seg kake og kaffisal på Husflidsmessa 29. juni.
*Laget har avtala med Språksmia at dei intervjuar Lilly Sandnes (103 år) om gamle ord og uttrykk. Det blir fleire møte.
*VBK skal arrangere samrådingsmøte 13. - 15.sept. Då kjem det det folk frå heile fylket
Fredag blir det middag på låven til Per Åge Sunde, laurdag blir det festmiddag på Fjordhotellet. Søndag kan ein tinge lunsj på Fjordhotellet.
VBKmedlemer må melde seg på til middagene.Kultursalen blir brukt til sjølve møta.

Nelly, kasserar ordna med åresalet på junimøtet. Gevinstar denne gongen var smånellik.
Turkomiteen har ansvar for sommaravslutninga som truleg blir i veke 25. Det blir siste samling før sommerferien.

Sunneva Linge, skrivar