Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Dei sprekaste tok seg av luking av skvalderkål!

Dei sprekaste tok seg av luking av skvalderkål!

Jordbærpyramide med litt blomster.

Jordbærpyramide med litt blomster.

Pølsene smakte! - Hanne var grillmeister!

Pølsene smakte! - Hanne var grillmeister!

Kjøkkenet og Glimt stilte med gode kaker!

Kjøkkenet og Glimt stilte med gode kaker!

Fine sommarblomster i kasse og krukker.

Fine sommarblomster i kasse og krukker.

Litt kjøleg, men vi heldt varmen.

Litt kjøleg, men vi heldt varmen.

Kjekk dugnad i Sansehagen saman med Glimt.

Onsdag 7. juni hadde vi kjekk dugnad saman med Glimt. Dei skal hjelpe oss med vatning i sommar, og skal også bruke ein del av hagen til spel og leikar. 

Vi hadde planlagt i lag, - og i Sansehagen vart det mest luking og planting av sommarblomster og tomat, vasking av møblar og klargjering av el-sykkelen. Glimt hadde også ein del ønske om ting dei ville ha gjort, men vi kom ikkje så langt. 

Men vi hadde det veldig triveleg, Hanne Mathiesen, leiar på Glimt, foreslo at dei kunne grille pølser. Sjukeheimen hadde nemleg fått flott gassgrill frå Røde Kors, og den måtte innviast no!

Nokre av bebuarane frå sjukeheimen vart med og kosa seg ute. Bård Audun heldt greie på kor mange pølser vi skulle få! Kjøkkenet på Sjukeheimen spanderte pølser med tilbehør, kake, saft og kaffi. Og Hanne tok grillinga på strak arm!

Vi trudde kanskje det kom mange frivillige denne gongen, sidan vi annonserte godt, og vi vart vel ca 20.  Vi tok det kl 17 etter ønske frå Pårørandeforeninga, og det kom vel eit par som hadde vore på jobb, men det var stort sett dei same gamle støttespelarane som stilte opp. Og mange av oss har problem med rygg og diverse, så det var veldig bra å få hjelp av Glimt og også frå sjukeheimen som hadde yngre krefter! Vi hadde også god hjelp av to frå Ukraina.

Må også seie tusen takk til Spar som spanderte 4 sekkar jord, og på Linge Gartneri fekk vi eit brett med blomster gratis!

Takk for samarbeidet med kommunen og Glimt, - det vart nesten som ein liten hagefest!