Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Valldal spelmannslag med feiande tonar!

Valldal spelmannslag med feiande tonar!

Solveig ynskjer velkomen til julefest.

Solveig ynskjer velkomen til julefest.

Ingunn Linge leia musikken med sikker hand.

Ingunn Linge leia musikken med sikker hand.

Juletreet fint pynta.

Juletreet fint pynta.

Astrid og May var dyktige forsangarar.

Astrid og May var dyktige forsangarar.

Gode kaker som smakte!

Gode kaker som smakte!

Gevinstar klare til åresalet.

Gevinstar klare til åresalet.

Kafegruppa klare for trekking av vinnarlodd.

Kafegruppa klare for trekking av vinnarlodd.

Koseleg julelag på sjukeheimen.

Søndag 7. januar var det klart for julelag på sjukeheimen i Valldal. Bygdekvinnelaget har arrangert dette i mange år, og denne gongen var stova ganske fullsett. Mange pårørande var med slik at dei som trong hjelp kunne få det, men også eldre utanfrå møtte opp.  Vi var så heldige at Spelmannslaget stilte opp med flott og fengande musikk. Såg at gjestane kosa seg med musikken.

Leiaren vår, Solveig, ønskte velkomen med eit fint dikt. Deretter vart det julesong med Romjulsdrøm av Alf Prøysen. Astrid og May stilte som forsangarar, og Dagrun Vikesland spela til. Seinare vart det meir song, og det var kjekt å synge i lag.

Gjestane kosa seg med maten og musikken. Og etter ei stund vart det åresal. Det var mange gode gevinstar, - og nokre hadde vinnarlukke, andre ikkje.

Det er kafegruppa i laget som skaffa kaker, pynta  og organiserte det heile, så stor takk til Mette Marie, Rigmor, Bodil, Liv Eldri, May og Aase. Takk også til Spelmannslaget, forsangarane og Solveig som programleiar.

Tusen takk for ein fin julefest.