Kviss
Onsdag 4. februar hadde vi ny kvissrunde. Ikkje så veldig mange, men to gode bord! - Vi stønna og hadde det vanskeleg i starten, men det kom seg etter kvart.
Kvar har mariusgenseren namnet sitt frå? - Fleire visste at det hadde med alpinisten Stein Eriksen å gjere, men kva? - Liv trudde at han hadde ein bror som heitte Marius, men det trudde vi ikkje på. Men slik var det, altså! 1954, var alpinist han også.
Takk til Bjørg og Eva Hilde! - Håper fleire blir med neste gong,- 4. mars.