Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Eva Hilde klar med utfordrande spørsmål!

Eva Hilde klar med utfordrande spørsmål!

13 frammøtte i dag, vi har plass til fleire!

13 frammøtte i dag, vi har plass til fleire!

Nokasranet ? - Kva tid var det?

Nokasranet ? - Kva tid var det?

Nokre svar kjem fort. - Andre blir til med godt samarbeid.

Nokre svar kjem fort. - Andre blir til med godt samarbeid.

Kviss på dagtid.

Onsdag 27.09.23 var det klart for første Kviss i haust. Eva Hilde Lingaas var som vanleg kvissmeister, og hadde funne varierte og spennande spørsmål. Mellom anna bilde av 27 stortingsrepresentantar som vi fekk bryne oss på. Det såg håplaust ut, men enkelte har god hugs på ansikt og namn. Andre likar årstal best. Og nokre av oss kan litt her og der. Veldig kjekt iallfall!

Neste Kviss blir 25.10.23,- vi prøver siste onsdagen i månaden fram til desember. - - Kaffi og meir prat tek vi eventuelt på Bakeriet etterpå. Denne gongen vart nesten alle med!!

Vi blir veldig glad om fleire vil vere med,- Eva Hilde legg mykje arbeid i dette.

KOM OG BLI MED DU OGSÅ! - - ALLE KAN LITT, SAMAN KAN VI MYKJE!

Foto: Bjørg Kleppe

Vbk