Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Junidikt!

Junidikt!

Månadens dikt.

Dikt i avisa Storfjordnytt.

I Koronatida vår fekk medlemane i Valldal bygdekvinnelag gode dikt kvar veke,- ja, av og til oftare også! Det var skrivaren i laget vårt, Sunneva Linge som fann ord som passa og gledde i ei tid som var vanskeleg for mange. Dikta vart sende på e-post til alle i laget, og gjerne fekk vi også ei forklaring på kvifor akkurat dette diktet.

No har Vbk gjort avtale med Storfjordnytt om at vi kan presentere eitt dikt , gjerne med bilde, i siste nummer av kvar  månad. Medlemane blir oppfordra om å levere forslag på dikt til Bjørg, og ho vil så ta kontakt med avisa.

Så no er det berre å tenkje og leite. Kanskje blir det ditt dikt neste gong??